Kva skjer med språket i Noreg, har vi gitt opp vår eigen identitet til fordel for Engelske glosar og skitsnakk? Eller har vi raffinert språket.
I Noreg dukkar språkdebatten opp med jamne mellomrom, ein debatt uunngåeleg i eit internasjonalt samfunn. Ungdomen høyrar for lite på besteforeldra sine og for mykje på hip hop. Vi skrik etter god Norsk og ei likestilling for dei to språka vi har i Noreg. Nynorsken er etter kvart blitt eit kroneksempel på korleis eit språk forsvinn. Ein gjennomsnittleg ungdom i dag ville valt å skreve på bokmål, eit stort problem for nynorsk forkjemparane rundt om, Uti Vår Hage (eit program på NRK) har laga ein sketsj om dette problemet. Den tematiserer den underlege kampen for å få folk til å velja rett form av Norsk, det er som ein liten borgarkrig midt i landet vårt. Med løpesetlar lokallag og mållag.
Eg skrive på bokmål, men eg kunne sikkert like gjerne ha skreve på nynorsk, eg trur det har noko med kvar du bur og kor interessert du er i språk. Ikkje det at eg er overmåteleg interessert i språk, men eg syns nynorsk er ein forferdeleg fin målform i grunn. Det er både lyrisk og lettfatteleg, det er også den målforma i Noreg som heng mest i hop med den gamle målforma. Men me har eigentleg ikkje føresetnadane for å tale nynorsk her, me har bestandig snakka trøndersk og skreve bokmål, og ungdommen kjem nok til å fortsette med dette heilt til eit anna skriftspråk eller talemål tek over. Eg trur ikkje det blir nynorsken.

God språkpolitikk er viktig for eit godt språk, i Noreg har vi ikkje hatt det, vi har liksom aldri hatt tid til å setje oss ned og prioritera språket på den måten. Ein luksus ein ikkje kunne unne seg etter mange år med Dansk og Svensk styre. Landet blei delt i to, vestlandet får ta vare på nynorsken, mens resten får skrive bokmål som på ein måte var eit unionsspråk. I dag så lever enda begge språka, sjølv om nynorsken slit litt med å fenge ungdommen. Til stadigheit er det debattar i media om korleis ein skal ta vare på språket. Da seie eg på ein måte som Roosevelt, look to Iceland!
Island har hatt eit bevisst forhold til sitt språk, og vil ta vare på det. Eit ikkje så bevisst forhold har vi i Noreg, den største forma for almen språkopplysning dei siste åra har vert igjennom eit program på NRK, nemleg Absolutt Norsk, som tar opp problemstillingar rundt språket. PÅ Island er kvar radio og tv sending godkjent av ein lingvist. Avisene må følgje spesielle krav og ein må få godkjent bruk av framandord. I Noreg har vi har nokre reglar på bruk av nynorsk. Det må være ein så og så stor prosent av talt og skreve ord i offentleg media på Nynorsk, men dei er ganske enkle å komme seg unna. Verken NRK, Dagbladet, VG, Tv2 eller Aftenposten er i noko utbredt grad tilhengar av Nynorsk. Dei einaste blada eg veit om som følgjer reglane er Klassekampen og Raudt sin medlemsavis.
Eg veit ikkje heilt kor den statlege satsinga på språket vert av, den er uansett ikkje like synleg som på Island. Men no skal ein heller ikkje gje den Norske stat strykkarakter, vi har ikkje same grunnlag som islendingane og ikkje same geografiske føresetnad, sjølv om begge land er europeiske utpostar så har bestandig Noreg sett mot Europa og internasjonalisering i større grad enn Island. Særleg etter at oljen vart funne. Vi er nok påverka mykje meir av verdssamfunnet enn Island, både på godt og vondt. Fordelane er at vi er på toppen i verda når det kjem til å snakke godt Engelsk, noko som igjen førar til økt samarbeid over landegrensar. På Island snakkar dei ikkje så godt Engelsk. Det vonde kjem i form av glosar som vi ofte kan høyre på gata, for eksempel heile setningar på engelsk eller setningar bygd opp av engelsk. Dette slepp dei nesten unna på Island. Eg kan på ein måte sjå for meg at vi kan begynna å snakke slik som Uri har skissert opp, eit kvasinorsk språk.
Island må vere drøymelandet til dei lingofile (personar som elskar språk). Der lever morsmålet i beste velgåande, sjølv om dei også har nokre problem med internasjonal påverknad. Det har lenge vert ein Amerikansk militærbase på Island, Det har i nokre delar ført til ein Amerikanisering av språket, men den er lagt ned no. Uansett så blir eg blir sjarmert av det islandske språket, eg vil også sei ting som tölva, netid, vefstur, farsimi, ùtvarp og beint-i-bilinn. Det er jo kjempekult. Men vi har nok ikkje eit godt nok grunnlag til å lage slike glosar i Noreg. Faktumet er jo at det Norske språk allereie er utvatna altfor mykje til at det kan brukast til slikt.
Ein skal ikkje spå for mykje med språk, det er ein levande ting. Dei siste hundre åra har språket forandra seg meir enn mange folk trur. Eg syns eigentlig vi snakkar eit betre språk no enn vi gjorde for 100 år sia. Det er meir Norsk på ein måte, men ein har også fått ein del framandord inn språket. Korleis det Norske språk ser ut om 100 år, er ikkje godt å seie, kanskje blir det slik Uri skrive i artikkelen sin, med uforståelege setningar og glosar, kanskje får Nynorsken eit skikkeleg fotfeste og alle går over til det. Kanskje snakkar vi norrønt. Ein kan aldri vere heilt sikker, bortsett frå at språket kjem til å utvikla seg i takt med mennesket og at det kjem til å vere i konstant endring. Ei endring på både godt og vondt.
Ei ordliste for dei lesarane utan Islandsk bakgrunn:
Tölva - Datamaskin
Netid - Internett
Vefstur - Nettside
Farsimi - Mobiltelefon
Ùtvarp - Radio
Beint-i-bilinn – Take Away